Hopp til hovudinnhald
SAMLO Meny

Om SAMLO

Ei levande oversikt over kva vi til saman kan gjere

SAMLO er ikkje eit system. SAMLO er folk som står saman. Registeret er berre måten vi held oversikta på.

Kva SAMLO er

Ei kommunestyrt, frivillig oversikt over kva innbyggjarar, lag og bedrifter i lokale område har og kan bidra med. Til dagleg er ho digital og blir halden ved like av ein namngjeven person i kommunen. Fell nett eller straum, tek daterte papirlister og ei øvd telefonkjede over.

I praksis er det enklare enn det høyrest ut som: nokon må vite kven som har traktoren, kven som har aggregatet, kven som kan førstehjelp, og kven som kan sitje med ein som er redd.

Kva SAMLO ikkje er

SAMLO er ikkje kommunen og ikkje staten. Det er ein uavhengig privat aktør. SAMLO er ikkje ein etat eller eit direktorat, og brukar ingen offentlege våpen, segl eller merke.

SAMLO skal supplere den beredskapen som alt finst, og erstatte ingen. Naudetatane, Sivilforsvaret, Heimevernet, Røde Kors og frivilligsentralane gjer sitt arbeid som før. SAMLO ligg oppå som eit ressurslag. Akutt hjelp er framleis 110, 112 og 113.

SAMLO er heller ikkje eit poengsystem. Det finst ingen stige å klatre, ingen nivå, ingen rangering av menneske og ingen marknadsplass for oppdrag.

Kvar prosjektet står

SAMLO søkjer si første pilotkommune. Ingen kommune er signert enno, og systemet har ikkje vore i drift under ei ekte hending. Konseptet, metoden og designet finst, og det finst ein køyrande kodebase med oppdikta data. Det som skal ta imot ekte folk, blir bygd ferdig saman med den første kommunen.

Ingen offentleg aktør har vurdert, godkjent eller tilrådd SAMLO. Vi har henta skriftleg rettleiing frå Datatilsynet og lagt henne til grunn i designet, og det er noko heilt anna enn ei godkjenning.

Kven som står bak

Eg heiter Steffen Valle og byggjer SAMLO frå Sunnfjord. Tanken starta med noko eg såg gjennom arbeidet til mamma på frivilligsentralen: den viktigaste kunnskapen om kven som kan kva, bur ofte i hovudet til eitt menneske. SAMLO er forsøket på å ta vare på den kunnskapen før vi treng henne.

SAMLO AS er under etablering. Fram til selskapet er registrert, står Steffen Valle Øvrebø bak prosjektet gjennom byvalle.

Namn
Steffen Valle Øvrebø, publiserer som Steffen Valle, arbeider under namnet byvalle
Organisasjonsnummer
837 640 482
Selskapsform
SAMLO AS er under etablering. Fram til selskapet er registrert er enkeltpersonføretaket ovanfor avtalepart.
Stad
Sunnfjord, Noreg
Kontakt
steffen@samlo.no, telefon 99 15 43 74
Nettstaden
Statisk, utan sporing og utan informasjonskapslar. Skrifta er sjølvhosta, så sida gjer ingen kall til tredjepart. Om tilgjenge.

Ta ein prat